Havråtunet

Dokumentarfilm (opptak 1950) om gardsdrift i Havrå, Haus kommune, Osterøy utenfor Bergen. Ein film frå eit avstengd lite norsk bygdesamfunn. Nokre mil aust for Bergen ligg Osterøya, med eit av dei mest sermerkte tun på Vestlandet. På dei fleste gardar har utskiftinga ført med seg at brukarane no bur kvar for seg. Men på Havrå ligg enno det gamle klyngjetunet, slik det har gjort i hundrevis av år. Det er mest som å koma inn i ein småby når ein går inn gjennom Garen, som dei kallar den lange gata gjennom tunet, og møter folk som skundar seg til og frå mellom husa. Bekken som renn gjennom tunet, er god å ha. I renne lengst oppe hentar dei vatn, og der skyl dei kleda sine. Men lenger nede går bekken under jorda, og der tek han opp veiter frå rennesteinar ved kvart hus. Stovehusa på Havrå ligg midt i tunet, løene i utkantane. Frå tunhaugen har du god utsyn over tunet med gamalt og nytt. Tak ve
Back to Top